Dag 1
Frå Førde til Viksdalen
18.07.2011 - 18.07.2011
Inspirert av Tomas Espedal si bok Gå, bestemte eg meg for å gå frå Førde til Bergen. Førebuingane var ikkje dei beste: Eg hadde relativt nye fjellsko og heilt ny sekk, og hadde gått lite i fjellet før på året. Tung sekk hadde eg ikkje hatt på ryggen på lenge. Eg sette ut frå Sundsdalen klokka 14 måndag 18. juli, og følgde stien opp til Kusslistøylen. Kort tid etterpå var det slutt på sti, og eg gjekk i myr og på mose vidare over fjellet. Då eg var vel over og på veg ned mot Viksdalen, traff eg ein bonde. Eg ville ned til Hestad for å komme over til sørsida av vatnet, men han kjende ikkje til nokon sti, berre ein skogsveg som kom ned vel tre kilometer frå Hestad. Eg var lei av å gå i skogen, så eg fann fram til skogsvegen og følgde han ned. No gjekk eg på bilveg den neste timen. Veldig tungt å gå på bilveg med sekk og fjellsko. Det gjekk mot kveld, men sjølv om eg var sliten, var eg lite lysten på å slå opp teltet ved Viksdalsvatnet.

Fjella som viste seg på sørsida av vatnet var som eg hadde frykta: bratte og med tett skog. Eg gjekk eit stykke langs vatnet, fast bestemt på å komme meg litt opp på fjellet før eg slo opp leir. Til slutt såg eg ein skogsveg som gjekk oppover fjellsida. Eg gjekk på vegen og seinare på ein sti, og klarte å klatre til 400 moh før klokka var ti. Då var det opp med teltet i ei skeiv myr midt inni svartaste skauen. Hoftene og skuldrane er såre etter sekken, og eg kjenner ein begynnande betennelse i begge knea.
Skrevet av Bård Åsnes 06.08.2011 08:09 Kommentarer (0)











