Reiseblogg fra Travellerspoint

Dag 10

Frå Voss til Torfinnsheim

Det var lettare ver frå morgonen, og etter kvart vart det ein strålande dag. Turen gjekk over eit område som kallast "Gråsida". Terrenget var lett og stiane framifrå. Det var småkupert heile dagen med fast, steinete og mosegrodd underlag.

CIMG0780.jpg

CIMG0781.jpg

I ei bok eg fann på hytta i Torvedalen, hadde eg lese at det skulle vere stor fisk i vatnet ved Torfinnsheim, så eg gleda med til å prøve meg att i betre ver enn på lenge. Rett før eg kom fram, fekk eg stadfesta det eg hadde lese, då eg møtte ein mann med fiskestong. Han hadde tatt ein aure på 1,3 kg her tidlegare. Han kunne og tilrå Slåttebakkatjørna, som eg hadde gått rett forbi tidlegare på dagen. Torfinnsheim har, til forskjel frå dei andre hyttene, innlagt vatn og elektrisk straum, noko som kom som ei gledeleg overrasking.

CIMG0787.jpg

Fiskinga vart resultatlaus denne gongen. Sikkert for bra ver!

Det minkar på dagane og eg har tenkt hardt og mykje på om eg skal gå til Bergen eller ta den kortare ruta ned til Øystese. Eg kan vere i Øystese fredag eller i Bergen søndag, og dessutan er det ein del vanskelege parti utan sti på ruta til Bergen. Det er nesten umogleg å bestemme seg.

CIMG0824.jpg

Skrevet av Bård Åsnes 06.08.2011 11:54

Send via e-postFacebookStumbleUponRedditDel.icio.usIloho

Innholdsfortegnelse

Youth hostels in Bergen

Read reviews from other Travellerspoint members.

Vær den første som kommenterer.

Denne blogg innlegg er nå stengt for kommentar for de som ikke er medlem av Travellerspoint. Hvis du er medlem kan du logge inn for å reagere.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint